lands


OM OSS   FINN OSS   KALENDER    SKOLETJENESTE  –  MUSEUMSLAG – NYTTIGE LENKER

.Formidlingstenesta ved Lands Museum

Lands Museum si formidlingsteneste har eit program kor læringa føregår i historiske omgjevnadar, både på museet sitt område og i lokalmiljøet. Museet tilbyr eit undervisningsopplegg med levandegjering av historie og kulturarv ved hjelp av forteljingar, opplevingar og aktivitet. Våre satsingsområde; kulturhistorie, bygningsvern og naturhistorie er og gjennomgåande i våre formidlingsopplegg.Vi ynskjer at både born, unge og gamle skal kome å oppleve museet og historia vi har å fortelje. Vi har ei fin samling her, både av hus og gjenstandar, men eit museum kjem først til sin rett når det blir brukt og opplevd.

Kom, opplev og lær!

Praktisk informasjon
Her vil du finne nyttig informasjon til planlegginga av museumsbesøket. Du kan og bestille undervisning eller komme med ynskjer.

Les mer her

Kontakt Museet sin administrasjon er open kvardagar, tysdag til fredag heile året kl. 09.00 – 15.00 Besøksadresse: Villavegen 45, 2870 Dokka. Telefon 61 11 06 87. Du kan også sende oss ein e-post

Bestillingsinformasjon Når du bestiller vil vi gjerne vite følgjande: – Aldersgruppe og tal på born/vaksne – Dato og tidspunkt – Kontaktperson og evt. fakturaadresse – Kva for tema/opplegg dykk ynskjer – Spesielle behov

Priser og kontaktinformasjon Museet tar frå 10 til 60 kr pr. barn/elev avhengig av type opplegg. Lærarar/assistentar går gratis.

Tilbud gjennom Den kulturelle skulesekken er gratis for skulane.

Museumsbesøk på eigenhand er gratis innanfor museet sine opningstider.

Velkomne skal dykk vere!

Barnehage

Museumsområdet er godt eigna for besøk frå barnehagar. Her er ein masse spennande ting å sjå på! Formidlingstenesta kan lage eigne opplegg tilrettelagt for barnehagar med ulike tema eller dykk er velkomne til å besøke museet på eiga hand.Forslag til tema
Gamle leikar
– Eventyrstund i skogskoia
– Julestund, forteljing om fjøsnissen
– Vi ser på dyr

Besøk på eiga hand
Barnehagar er hjarteleg velkomne til å besøke Lands Museum på eiga hand. Vi vil gjerne ha beskjed om at dykk er på besøk slik at vi får notert dykk i statistikken. Under besøket er det viktig at det takast omsyn til museet sine uerstattelege og viktige historiske bygningar, og at aktivitetar leggast opp deretter.

Barnehagar har og høve til å låne Røstebygningen eller Skogskoia gratis, mot at ein gjer rent i husa etterpå.

Til styrer og assistentar
Du vil finne mange nyttige opplysningar under punktet ”Praktisk informasjon” over. Her kan du og kontakte oss eller bestille museumsbesøk direkte.

Vi prøver å tilpasse opplegget vårt til gruppa alderssammensetning og dykkar ynskjer. Dersom dykk ynskjer eit anna tema enn dei som er nemnt her er det berre å spørre.

Vi ynskjer dykk velkomne til fine opplevingar på Lands Museum!

SkuleMuseet ynskjer å ha eit nært forhold til skulane i Landregionen. Ein av målsetningane med formidlinga er at elevane får eit eigarforhold til museet. Vårt tilbod utviklast stadig i tråd med nye læreplanar, ynskje og behov frå skulane. Vi ynskjer å vere ein arena for læring ved oppleving.Vi tilpasser gjerne tema til din klasse!Ulike tema
Utvandring til Amerika
– Måtar å bygge på
– Peder Aadnes
– Husmannsstua
– Gamle leiker
– Skuletime i skulestova
– Julestund, forteljing om fjøsnissen
– Biologisk mangfald i våtmark (utstilling)
– Arkitektur og lokal byggeskikk
– Steinalderens bergkunst (Hellerisningane ved Møllerstufossen)
– 1800-talets bondekultur

Besøka på eiga hand og Til læraren

Besøk på eiga hand
Skuleklassar er hjarteleg velkomne til å besøke Lands Museum på eiga hand. Vi vil gjerne ha beskjed om at dykk er på besøk slik at vi får notert dykk i statistikken. Under besøket er det viktig at det takast omsyn til museet sine uerstattelege og viktige historiske bygningar, og at aktivitetar leggast opp deretter. Det er ynskjeleg at besøk på eiga hand skjer i følgje med vaksne.

Skuleklassar har og høve til å låne Røstebygningen eller Skogskoia gratis mot at ein gjer rent i husa etterpå.

Til læraren
Mesteparten av undervisninga føregår utandørs og inne i bygningssamlinga. Elevane bør derfor oppfordrast til å kle seg etter vêrforhold og bli førebudd på å vere ute store delar av dagen.

Dei ulike temaa er tilpassa klassetrinn. Kom gjerne med ynskjer om andre tema og/eller bestemte vinklingar. Ein kan og kombinere fleire tema i eit besøk. 

Uansett om dykk velgjer å nytte dykk av eit av våre temaopplegg eller vil oppleve museet og våre samlingar på eigenhand, ynskjer vi dykk velkomne nye opplevingar på Lands Museum!  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den kulturelle skolesekken (DKS)

Formidlingstenesta ved Lands Museum samarbeider med kulturkontoret i Nordre Land kommune om tilbod på museet for elevar i grunnskolen. Opplegg på museet gjennom Den kulturelle skulesekken blir dekka av kommunen, det gjelder også utgifter til buss i høve kultursekkopplegget.

Vi har desse opplegga:

Steinalderens bergkunst (4.trinn)
1800-talets bondekultur (6.trinn)
Biologisk mangfald i våtmark (8.trinn)

Den naturlege skulesekken (DNS)

Pilotprosjektet frå våren 2010 og er eit samarbeid mellom Dokka videregående skole og Randsfjordmuseene, avd. Lands Museum, Statens naturoppsyn og lokale krefter. Hovudmålsetning for undervisningsopplegget var; “Formidling av bærekraftig utvikling og biologisk mangfold i skolens nærområde”, prosjektet vart avvikla 26.-28. mai 2010 i Dokkadeltaet, og skal vidareførast i 2011.

Sjå film her: http://www.youtube.com/watch?v=ITppZizvm8A

Lands museum kopi

 

 

 

 

 

 

LM, formidling, røste