Formidlingstenesta ved Lands Museum
| Lands Museum si formidlingsteneste har eit program kor læringa
føregår i historiske omgjevnadar, både på museet sitt område og i
lokalmiljøet. Museet tilbyr eit undervisningsopplegg med
levandegjering av historie og kulturarv ved hjelp av forteljingar,
opplevingar og aktivitet. Våre satsingsområde; kulturhistorie,
bygningsvern og naturhistorie er og gjennomgåande i våre
formidlingsopplegg. Vi ynskjer at både born, unge og gamle skal kome å oppleve museet og historia vi har å fortelje. Vi har ei fin samling her, både av hus og gjenstandar, men eit museum kjem først til sin rett når det blir brukt og opplevd. |
|
Barnehage
Besøk på eiga hand
Museumsområdet er godt eigna for besøk frå barnehagar. Her
er ein masse spennande ting å sjå på! Formidlingstenesta kan lage
eigne opplegg tilrettelagt for barnehagar med ulike tema eller dykk
er velkomne til å besøke museet på eiga hand.
Forslag til tema
- Gamle leikar
- Eventyrstund i skogskoia
- Julestund, forteljing om fjøsnissen
- Vi ser på dyr
Barnehagar er hjarteleg velkomne til å besøke Lands Museum på eiga
hand. Vi vil gjerne ha beskjed om at dykk er på besøk slik at vi får
notert dykk i statistikken. Under besøket er det viktig at det
takast omsyn til museet sine uerstattelege og viktige historiske
bygningar, og at aktivitetar leggast opp deretter.
Barnehagar har og høve til å låne Røstebygningen eller Skogskoia
gratis, mot at ein gjer rent i husa etterpå.
Til styrer og assistentar
Du vil finne mange nyttige opplysningar under punktet ”Praktisk
informasjon”. Her kan du og kontakte oss eller bestille
museumsbesøk direkte.
Vi prøver å tilpasse opplegget vårt til gruppa alderssammensetning
og dykkar ynskjer. Dersom dykk ynskjer eit anna tema enn dei som er
nemnt her er det berre å spørre.
Vi ynskjer dykk velkomne til fine opplevingar på Lands Museum!
|
Skule |
![]() |
Besøk på eiga hand
Til læraren
Den kulturelle skolesekken
(DKS)
Formidlingstenesta ved Lands Museum samarbeider med kulturkontoret i
Nordre Land kommune om tilbod på museet for elevar i grunnskolen.
Opplegg på museet gjennom Den kulturelle skulesekken blir dekka av
kommunen, det gjelder også utgifter til buss i høve
kultursekkopplegget.
Vi har desse opplegga for skuleåret 2010/2011:
Steinalderens bergkunst (4.trinn)
1800-talets bondekultur (6.trinn)
Arkitektur og lokal byggeskikk (8.trinn)
Biologisk mangfald i våtmark (8.trinn)
Den naturlege skulesekken (DNS)
Pilotprosjektet frå våren 2010 og er eit samarbeid mellom Dokka
videregående skole og Randsfjordmuseene, avd. Lands Museum, Statens
naturoppsyn og lokale krefter. Hovudmålsetning for
undervisningsopplegget var; "Formidling av bærekraftig utvikling og
biologisk mangfold i skolens nærområde", prosjektet vart avvikla
26.-28. mai 2010 i Dokkadeltaet, og skal vidareførast i 2011.
Sjå film her:
http://www.youtube.com/watch?v=ITppZizvm8A
|
|