Lands Museum ble etablert i 1927 for å dokumentere og bevare
historien til Nordre og Søndre Land kommuner. I dag er museet et
kompetansesenter for kultur- og naturhistorie, og er aktiv med
bygningsvern og internasjonalt våtmarksarbeid.
Lands Museum ligger på Dokka i nordenden av Randsfjorden. På museets
område finnes over 30 historiske bygninger, som gjenspeiler
regionens byggeskikk fra middelalderen og frem til 1900-tallet.
I den staselige hovedbygningen fra storgården Thomle er det
veggmalerier av Peder Aadnes (1739-1792), en av Norges fremste
rokokkomalere.
Åpningstider:
Museet er åpent mandag - fredag 0830 - 1530
LANDHANDELEN
- Ny butikk opna på Lands Museum
14. februar vart dørene opna i dei nye lokala for museumsbutikken på
Lands Museum. Butikken er no lokalisert i første etasje i
inngangspartiet. I butikken finn du eit variert utval av varer. Vi
har både suvenirar frå Land, lokalhistoriske bøker, lokalt
produserte handverksprodukt, strikkeprodukt, ulike typar garn,
torpevottar, produkt frå Myhre Smie, sylvsmykke med
helleristningsmotiv frå Møllerstufossen, glasskunst, gåveartiklar,
gamaldagse leikar, sukkertøy og mykje meir. Er du ute etter ein litt
spesiell gåve, er dette riktig stad å dra til.
I tilknyting til butikken er det høve for å sette seg ned å nyte ein
kopp kaffi, varm sjokolade eller cappuccino, mens du ser på ei
miniutstilling om kaffien si historie i Norge, eller helser på
Landingsbjørnen og leser om bjørnen gjennom årets fire årstider.
Velkommen ein tur innom!
|
|
Re-lansering 7/3-12: Nettstedet husmenn i Oppland. |
| Landingen, register |
| Skal du gifte deg? |
|
|
Vi har brudekrone til utlån for 750 kr. Krona er ein kopi av ei gamal krone som er på Lands Museum. Ynskjer du å lese meir om historia til krona, sjå her. Fleire bilete av krona, og frå eit arrangert bryllaup på museet, finn du på vår facebookside; Lands Museum. Link til facebooksida øvst til høgre. |