Årets juleutstilling på Lands Museum

Beate G. Lindseth har gjennom mange år skaffa seg stor kunnskap om gamal juletrepynt, og har laget ei samling på over 1000 julekurver. Denne utstillinga har reist store deler av Noreg og kjem i år til Lands Museum.

Utstillinga er tredelt:

  1. Dei tradisjonelle mønstra .Modellar som ein ser att med variasjonar i Noreg, Sverige og Danmark. Mange av desse kan førast tilbake til modellark og veiledningar frå perioden 1871-1924. Fleire av mønstra dukkar opp ved å bruke dei vanlegaste geometriske formene.
  2. Designa kurver. Disse viser ein eigenart som nokon eier som sin konstruksjon. I Danmark er det tidlegare gjeve ut fleire bøker om temaet, men det same er ikkje tilfellet i Sverige og Noreg.
  3. Kurver som Lindseth sjølv har konstruert.

Julekurver

Vil du lese meir om utstillinga og Beate G. Lindseth, sjå på www.julekurver.no

Utstillinga er open frå 22.november til 18.desember. Det er mulig for grupper og bestille omvisning og opplegg i utstillinga i heile denne perioden.

Ony_julekurvbokPNING AV UTSTILLINGA Søndag 22.november 12.00 – 16.00

Juleverkstad for store og små. Servering av saft og peparkaker.

Kl. 14.00: Foredrag: «Historisk juletrepynt» med Beate G. Lindseth.

Inngang kr. 50,-/20,-

Velkommen til ei koseleg førjulsstund på museet!