Sommarsesongen på Lands Museum starter med museumsdagen 1.juni. Etter det er vi opne kvar dag 10 – 17 (11- 17) med sommarvert på plass fram til 17.august.

Omvising

Vi tilbyr omvising i friluftsmuseet daglig i sommarsesongen. Bli med på en historievandring mellom det tradisjonelle gardstunet, husmannsplassen og storgarden på 1700- og 1800-tallet. Gjennom museet går deler av den gamle Bergenske Kongeveien, mens vi vandrar på den, ser vi på de tradisjonelle byggeteknikkane og materialar brukt i Land. På turen er vi innom fleire gamle hus der vi blant anna ser på dekorasjonar av Peder Aadnes og får høyre historia om korleis odelsgutten frå Land ble en ettertrakta dekorasjonsmålar.

Omvising daglig kl. 12.00 og 15.30. Oppmøte ved museet. Ta gjerne kontakt og bestill på forehand. Gruppebestillingar også utanfor sesong.

Utstillingar

På Nerlauslåven vår kan du i sommar besøke to utstillingar, den eine er Biologisk Mangfald i Våtmark kor vi følgjer vatnet sin vei frå myr, elver og bekk ned til delta og Randsfjorden, og lære om kor viktig det er for det biologiske mangfaldet å ta vare på disse områda. Den andre utstillinga er 1814- 2014 Grunnloven 200 år, som er ei vandring gjennom den demokratiske utviklinga i Norge. Du får møte enkeltpersoner sin historie parallelt med Norgeshistoria og tidsbileter frå eigen lokalhistorie i Land gjennom 200 år.

I utstillingsrommet i Administrasjonsbygget har barnehagane i Nordre Land laga utstilling Barnas grunnlov, her er det mykje fint for oss vaksne å lære! Utstillinga står ut juni. Vi har også ei lita ustilling som kan vere ei utfordring både for barn og vaksne. I fotoutstillinga «Hva bein og tenner forteller» skal du klare å sette samen riktig dyr til riktig kranier/hovudskallar.